Klassisk søndag i Eiksund

Kåre Bjørkøy, Bror Magnus Tødenes, Mona Spigseth og Elisabeth Teige. Pressefoto NTNU 2013.
Kåre Bjørkøy, Bror Magnus Tødenes, Mona Spigseth og Elisabeth Teige. Pressefoto NTNU 2013.
Søndag, 9 juni, 2013 klokka 19:00

Eiksund samlingshus er av kjennerar rekna for eit serdeles godt lokale for akustisk song og musikk. Og snart er det duka for ein ny ”Klassisk Søndag” med klassisk song og opera på programmet.

Ekstra stas å kome heim å synge for den unge tenoren Bror Magnus Tødenes. Han er oppvaksen i Eiksundbygda og kjenner samligshuset og publikum godt. Dette vert fantastisk flott trur han, og er klar for å gje heimepublikummet ein spesiell konsert dei vil nyte og hugse.

Konserten i Eiksund er ein del av turné der utøvarar med tilknyting til NTNU Institutt for musikk i Trondheim vert presentert. Dette vert eit sjeldan høve til få oppleve nokre av deira fremste songstudentar og meisterar framføre dei store songperlene.

Eiksund samlingshus er siste stoppestad på ein turné på Sunnmøre og i Nordfjord, der konsertrepertoaret er unikt samansett for kvar plass. Så dette vert ingen konsert i reprise!

Ein kan vente seg ”det største av det største frå romantikken” innan klassik, opera og kyrkjemusikk. Komponistar som Grieg, Verdi, Pucchini, Donizetti, Shubert, Strauss og fleire kjem til å klinge flott på Eiksund samlingshus. Framført av stemmekunstnarane som soloariar, duettar og tersettar. Og det flotte pianoet vil syne sine kvalitetar når det vert traktert av ein pianist som kan sitt fag.

Konserten er i to avdelingar og det vert sal av gode kaker og kaffi i pausa.

Bror Magnus Tødenes – tenor

Elisabeth Teige – sopran

Kåre Bjørkøy – tenor

Mona Spigseth – klaver

Kva: ”Klassisk søndag” på Eiksund samlingshus

Når: Søndag 9. juni kl. 19.00

Billett: kr. 250,- på sjoborg.no eller ved inngong. Gratis for songelevar. Påmelding på kulturskulen.

Bror Magnus Tødenes har trass sine nitten unge år ei svært godt utvikla tenorstemme og musikalitet som vert rekna som svært sjeldan. Han briljerar med repertoar som er gjort kjend av store songarar som t.d. Luciano Pavarotti, Placido Domingo og Jussi Björling. Han har motteke fleire talentstipend og har fått sponsoravtalar for å vidareutvikle talentet sitt. Har gav i desember 2012 sin fyrste CD ”Tenor” og står no på terskelen til større oppdrag. I løpet av året vert han å høyre som solist både ved RingsakerOperaen og Opera Trøndelag. Han har og fleire oppdrag i lag med TrondheimSolistane., -eit strykeorkester i verdsklasse. Bror Magnus går no 1. år Bachelorstudie i klassisk song ved NTNU Institutt for musikk i Trondheim og har professor Kåre Bjørkøy som læremeister.

Elisabeth Teige er sopran og solistpraktikant ved Den Norske Opera & Ballett (DNO). Ho har allereie gjort seg bemerka som ein framifrå kunstnar m.a. gjennom hovudrolla i "Madama Butterfly" som vart ein stor suksess og fem fulle hus under årets Operafestuke i Kristiansund. Ved DNO har Elisabeth sunge roller som Sacerdotessa i Aida og Kate Pinkerton i Madama Butterfly,og har denne sesongen ei av hovudrollene i den nyskrevne operaen "Kharios", som hadde urpremiere den 10.mai på DNO. Elisabeth har dei siste åra motteke fleire kunstnerstipender og legat. Ho har teke utdanninga si ved NTNU, Institutt for musikk i Trondheim og hadde der professor Kåre Bjørkøy som lærar. Våren 2012 fullførte ho studiane ved Operahøgskolen i Oslo med Toril Carlsen som lærar og mentor. Elisabeth er fødd og oppvaksen i Ålesund og gler seg til å synge på "heimebane".

Kåre Bjørkøy er ein solid trønder og sentral person innan norsk opera og klassisk song. Han debuterte ved Den Norske Opera i 1976 og har hatt operaengasjement ved leiande operahus i Sverige, Danmark og Frankrike. Han har vore solist med alle dei leiande symfoniorkestra i Norden og fleire leiande symfoniorkester i England. Han har hatt konserter i heile Norden og i Baltikum, Tyskland, England, Skottland og USA og medverka på ei rekkje plateinnspelingar m.a. med danske og engelske orkester og ei rekkje radio- og TV-program i Norge og Sverige. Han er professor ved Institutt for musikk ved NTNU i Trondheim, der han underviser i songfag, utvikling av stemmeteknikk, stemmefysiologi, stemmediagnostikk og -pedagogikk, interpretasjon og kammermusikk med song. I tillegg held han m.a. kurs og meisterklasse i Helsingfors (Sibeliusakademin), Sigtuna i Sverige, Torshavn på Færøyane, Gøteborgs Musikhøgskola i Sverige. I tillegg til å vere tenor, professor og songpedagog, har han stor interesse for tverrfagleg forskning, og samarbeider m.a. med professor Hans Torp ved Medisinsk teknisk senter ved NTNU. Konsertpublikum kan gle seg til å høyre Kåre si tenorrøyst som framleis er av ypperste klasse.

Mona Spigseth er frå Odalen i Hedmark. Etter 5 års studier i Oslo med professor Einar Henning Smebye som lærar, hadde ho ein kritikarrost debutkonsert i same by. Ho er ein svært aktiv pianist, både som solist og kammermusikar. Ho har vore solist med landets profesjonelle symfoniorkester, TrondheimSolistene, distriktsorkester, brassband og korps, held pianorecitals og brukar mykje av tida si til kammermusik der m.a.samtlige kammerverk av Brahms er blant repertoaret. Forutan konsertering i Noreg har Mona spelt i flere europeiske byar, m.a i Wigmore Hall i London. Ho deltek også i juryarbeid i internasjonale pianokonkurransar. Mona er fast tilsett som klaverlærar og akkompagnatør ved NTNU Institutt for Musikk i Trondheim. Der har ho det faglige ansvaret for talentutviklingsprogrammet "Unge Musikere". Her er også hennar pianistiske kvalitetar som akkopagnatør med på å hjelpe dei unge talenta framover. Mona vert nytta som pianist i Trondheim Symfoniorkester (TSO), Luftforsvarets Musikkorps og som repetitør for TSO´s vokalensemble.

Stad
Eiksund samlingshus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: