KLASSISKE VERK

KONSERT I VOLDA KYRKJE 29/04/2016 KL 19.30
Fredag, 29 april, 2016 klokka 19:30

Saša Lazarević violin og John inge Leira Bjøringsøy Klaver
verk av Bach, Mozart, Brahms, Grieg og andre klassiske meistrar;

Saša Lazarević violin
John inge Leira Bjøringsøy Klaver
verk av Bach, Mozart, Brahms, Grieg og andre klassiske meistrar.
Saša Lazarević er frå Beograd i Serbia, og har studert fiolin sidan han 7 år gamal vart plukka opp av ein skule for musikalske talent. Han studerte så vidare med kjende meistrar i London, New York og Paris. Han har turnert i europa og USA som konsertmeister og solist. Han bur for tida i Paris der han underviser på Le Conservatoire international de Musique, og opptrer elles regelmessig som soloartist.
John inge Leira Bjøringsøy er ein 27 år gamal pianist frå Leira i Hjørundfjorden. Han er mykje nytta som akkompagnatør og solist i dei fleste sjangrar. John inge har si musikalske utdanning frå kulturskulen med Tom Erik Bogen som lærar og musikklinja ved volda vidaregåande Skule med Bård Dahle som lærar.

Stad
VOLDA KYRKJE
Kommune: 
Kategori: