Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen

Måndag, 21 januar, 2013 klokka 18:00

Til glede for alle barn i heile Noreg lagar Riksteatret ei jubileumsframsyning som det skin av! Det er klart det blir fest i skogen når Thorbjørn Egner fyller 100 år omtrent på denne tida!

I Hakkebakkeskogen fins kakeglade mus, lumske revar, dobbeltpepra pepperkaker og dyr som spis dei som er mindre enn dei sjølv. Mikkel Rev er den verste, han luskar mellom buskane og er sulten heile tida. Og då Bestemor Skogmus nesten blir spist av Petter Pinnsvin, syns Morten Skogmus at noko må gjerast. Riksteatret og Agder Teater slår på stortromma og inviterer til ei påkosta oppsetning av Egner-klassikaren med ny scenografi og nyinnspelt musikk av Kristiansand Symfoniorkester. Her møter du alle dei kjende dyra og får høyre alle songane som vi aldri får nok av. Velkomen til fest i skogen.

Passar for born frå 3 år.

På scenen: Espen Bråten Kristoffersen, Malin Soli, Linda Tørklep, Christine Stoesen, Ole Martin Aune Nilsen, Stein Grønli, Sarah Christine Sandberg, Terje Halsvik og Jan Huse.

Team: Eit eventyrspel i to aktar av Thorbjørn Egner. Musikk av Christian Hartmann og Thorbjørn Egner, innspelt av Kristiansand Symfoniorkester.

Regi: Ellen Horn.
Scenografi, kostyme og dukker: John-Kristian Alsaker.
Musikalsk ansvarlig: Trond Lindheim.
Koreografi: Jonas Georg Digerud.
Lysdesign: Kristin Tunold-Hanssen.
Videodesign: Torbjørn Ljunggren.
Dramaturg: Tine Thomassen.
Dukkeassistent: Christine Stoesen.

Riksteatret i samarbeid med Agder Teater/Kilden Teater- og Konserthus.
Lengde: Ca 2 timer (inkludert pause).

Stad
Sunndal kulturhus
Auragt. 2
6600
Sunndalsøra
Kommune: 
Tema: