Klaverkonsert: Kato Nogva Flem

Kato Nogva Flem. Biletkjelde: ID huset.
Kato Nogva Flem. Biletkjelde: ID huset.
Torsdag, 21 mai, 2015 klokka 19:00

25 år gamle Kato Nogva Flem frå Skuløy/Flemsøy begynte å spele piano som sjuåring i Haram kulturskule. Derfrå gjekk vegen til musikklinja ved Fagerlia vidaregåande skule i Ålesund, og i 2005 fekk han tildelt Drømmestipendet, samt Haram kulturfonds stipendi 2006. 

Det musikalske stortalentet har sidan gått på Griegakademiet i Bergen, der han våren 2014 fullførte mastergrad i utøvande musikk med piano som fordjuping. Flem er spesielt oppteken av russisk klavermusikk, og har blant anna spelt i masterclass med den verdskjende russiske pianisten og pedagogen Oxana Yablonskaya

Nå jobbar 25-åringen som frilansmusikar, der han aktivt gjer konserter, både som kammermusikar, akkompagnatør og solopianist.

Som den siste konserten på årets vårprogram vil vi få oppleve han i sistnemde rolle – og vi gler oss!

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: