Klaverkonsert - Martha B. Belt - Kato Nogva Flem

Tysdag, 27 desember, 2011 klokka 19:30:00

Martha Berit er lokal pianist frå Stranda. I romjula tek ho med seg medstudent Kato Nogva Flem og held konsert i kulturhuset.
På programmet står mellom anna:
L. v. Beethoven - Sonate nr. 15, op. 28 (Pastorale) og E. Grieg - Folkelivsbilder, op. 19 og Fantasie i F-moll, op. 103, for fire hender av Scubert.

Dette er kva Martha Berit skriv i ein epost:

Her kjem litt meir info om meg:

Er 23 år. Våren 2012 avsluttar eg ein 4-årig bachelorgrad i utøvande klassisk piano ved Griegakademiet i Bergen, der eg gjennom heile studietida har hatt Signe Bakke som lærar.

Tidlegare konserterfaringar:

 - Har dei siste åra delteke med "Stikk-innom"-konsertar i Grieghallen under Festspillene i Bergen
- Private sommarkonsertar på Troldhaugen.
- Medverka i ulike konsertarrangement i Korskirken i Bergen, både som solist og akkompagnatør.
- Konsertar i Gunnar Sævigs Sal, Bergen.
- Mykje erfaring som akkompagnatør og kammermusiker med både songarar og instrumentalistar

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6200
Stranda
Kommune: