Klavertriokonsert

Klavertriokonsert. Foto: Fosnavåg Konserthus.
Klavertriokonsert. Foto: Fosnavåg Konserthus.
Søndag, 20 november, 2016 klokka 18:00

Vi inviterer til klavertriokonsert med Ludvig van Beethovens Klavertrio i Ess dur, Opus 70 nr 2 og Johannes Brahms, Klavertrio i C dur, Opus 87. Elevar ved kulturskulen og barn har gratis adgang

Fiolinist Jonas Båtstrand er denne hausten vikar for Ai-Ling Chiu i Ålesund Strykekvartett, og har erfaring som konsertmester i ei rekke orkester i Sverige og Noreg, med kritikarroste plateinnspelingar. Les meir på www.jonasbatstrand.com 

Tor Øyvind Hummelsund, pianist, fullførte klaverutdanninga ved Konservatoriet i Trondheim i 1994. Han har vore klaversolist med Trondheim symfoniorkester, Trondheimsolistene, Ålesund symfoniorkester, og turnert med bl.a. fiolinisten Bjarne Fiskum. 

Tor Øyvind Hummelsund tok medisinsk embedseksamen 1995, ble autorisert lege 1997. Han blei spesialist i psykiatri 2002, og arbeider som overlege ved psykiatrisk poliklinikk ved Ålesund sjukehus. Ved sidan av dette har han kontinuerleg vore aktiv som kammermusikar, solist og akkompagnatør og har m.a. mottatt  Ålesund bys Kunstnarpris. 

Samuel Skrede, cello, har etter utdanning frå Griegakademiet i Bergen og Guildhall School of Music and Drama i London vore tilsett i Ålesund Strykekvartett sidan 2003. Han er ein aktiv utøvar i regionen, har vore solist med både orkester og korps og er produsent for Ålesund Kammermusikkfestival.

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: