Kleivakvelden

Fredag, 25 mai, 2012 klokka 19:00:00

Med Hans Rotmo, Rita Eriksen, Fabula (Margret Kristin Sigurdardottir), John Pål Inderberg, Henning
Sommerro med fleire.

For første gong i Vårsøghelgas historie får vi besøk av Ola Uteligger på Kleiva. Vi håpar og trur at Ola Uteligger vil kjenne seg heime på Kleiva.

Hans Rotmo er visesonger, musikar og forfattar, født i Verdal i 1948. Kjent som Ola Uteligger og frå band som Vømmøl Spellmannslag, Arbeidslaget hass K. Vømmølbakken og Heimevernslaget. Han starta i 1964 som bassist i rockebandet Valley Boys i hjembygda. I 1985 opna hotellet Royal Garden i Trondheim, og i TV-innslaget frå opninga dukka Ola Uteligger opp og framførte songen «Fire fine lænestola». Det vart starten på det som skulle bli til tre album og fleire turnear. Det siste albumet kom i 1989, og etter det har Rotmo stort sett konsentrert seg om å skrive dramatikk og skjønnlitteratur. Han står bak publikumssuksessar som Trekkspillkrigen og Bønder i solnedgang på Trøndelag teater. I 2001 debuterte han som romanforfatter med Sendebudet (Aschehoug). I 2003 kom Spæll åt mæ, ein dobbel-CD som oppsummerer karrieren og som vart meget vel mottatt av publikum.

Rita Eriksen, kanskje ei av Norges vakraste stemmer, har hatt travle år, sidan hennar comeback som soloartist med plata Hjerteslag i 2008. Samlealbumet De aller beste med Eriksen og julealbumet Velkommen Inn, utgitt av Frelsesarmeen, selde til PLATINA og den 3. i rekkjen ho hausta platina for på same år! Rita Eriksen har stemmen heile Norge kjenner frå dei mange Eriksen-hit´ane, utallege duetter med andre norske toppartister, det skulle være nok å nemne låter som Tir n'a Noir, Sønnavindvalsen, The Water Is Wide, Coming Down In The Rain og Karl Johan.

Rita Eriksen, Frank Eriksen og Stian Tønnesen har gjort utallege konserter. Tilbakemeldingane er utelukkande fantastiske, og vitner om eit meget fornøgd publikum.

Vårsøghelgpublikummet vil få oppleve Rita og hennar trio på Kleivakvelden, der det òg er duka for duett med Henning Sommerro. Det trur vi vil bli eitt av dei mange unike augneblikka under årets Vårsøghelg.

Songaren og songskrivaren Fabula skapte bølgjer i heimlandet sitt, Island, då ho slapp si første soloplate i 1996. Fabula har vore aktiv på folkemusikk og jazzarenaer dei siste ti åra. Ho studerte drama og jazzpiano i Trondheim og i London. Alle hennar fire album har vore svært kritikarroste. Musikken hennar er leikande og melankolsk og av ubestemmeleg sjanger, men har element av jazz, folkemusikk og popmusikk.

Les meir om denne spennande islandske dama på http://www.fabula.is/

Allsidig saksofonist og Vårsøghelg-ven med sans for eit spontant musikalsk uttrykk. Kombinerer mange stiluttrykk mellom anna i samarbeid med norske og amerikanske jazzmusikarar, og har medverka på ei lang rekkje plateinnspelingar. To ytterpunkt blant Inderberg sine medmusikarar kan vere Lee Konitz og Henning Sommerro. Inderberg underviser også ved jazzlinja-NTNU i Trondheim.
Høyr John Pål Inderberg her: http://www.inderberg.com/index_no.html

Henning Sommerro er ikkje berre over alt som musikar under Vårsøghelga, han er også kunstnarleg leiar for festivalen. Det er mesta umuleg å oppsummere alt Henning har gjort i norsk musikkliv og etter kvart i utlandet. Han står bak Vårsøg (både gruppa og melodien til Hans Hyldbakk-diktet), har laga musikk for teater, ballett, film, opera, musikkspel, fjernsynsprogram, kyrkje- og kammermusikk, rekviem og gammeldansmesse. Berre for å nemne litt. På biletet spelar han på Hans Hyldbakk sin gamle gitar.
Høyr Henning Sommerro framføre "Svarrabærje": http://www.youtube.com/watch?v=02Oy3IbRfVE

Stad
Surnadal Kulturhus
Surnadal Kulturhus
6650
SURNADAL
Kommune: