Knut Anders Sørum Band

Knut Anders Sørum Band. Pressefoto. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Knut Anders Sørum Band. Pressefoto. Fotokjelde: Storfjord Kulturhus.
Fredag, 17 mars, 2017 klokka 19:30

Den 29.oktober 2016 vart Knut Anders Sørum den første mannlege artist som vinnar NRKs STJERNEKAMP nokonsinne!

Hans store stemme, hans formidlingsevne og hans trivelege vesen har sjarmert heile Norge.

 

Dei siste 20 åra har Sørum levd og virka som artist, låtskrivar og musiker. Ei kritikarrost Prøysenplate i 2010 vart etterfølgt av ei soulplate på totning-dialekt i 2013, der Sørum står bak alle låtane sjølv. Dette førte blant anna til det ærefulle oppdrag som oppvarmingsartist for Stevie Wonder på Kongsberg Jazzfestival i 2014.

 

Den 21.oktober 2016 lanserte Sørum sitt neste album, også dette på dialekt, og med låtar skrivne av Sørum sjølv. Denne gongen vart albumet produsert av legendane Kjetil Bjerkestrand og Erik Hillestad.

 

Albuma er omtalt som innovativ groovy pop med soulvokal. Anmelderane er begeistra denne gongen også.

 

Med låtar frå heile karrieren, med eit strålende band og svært godt humør kjem Sørum no til dykk.

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: 
Tema: