Knut Reiersrud band og Trondheimsolistene

 Knut Reiersrud band og Trondheimsolistene. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Knut Reiersrud band og Trondheimsolistene. Pressefoto. Fotokjelde: Fosnavåg Konserthus.
Laurdag, 11 februar, 2017 klokka 19:30

Opplev Knut Reiersrud band og Trondheimsolistene i unikt samspel.

Få norskere musikarar har vandra breiare i det musikalske landskapet enn Knut Reiersrud. Ofte har han vore innom folkemusikken frå Noreg eller andre land, men han har alltid passa på å ha eit bein i bluesen.

Det hadde han også i 2012 då han samarbeida med Trondheimsolistene på plata Infinite Gratitude. Resultatet når Schubert og Brahms møtte Knut Reiersrud band blei eit unikt og vakkert samspel mellom klassisk musikk og klassisk blues.

Les kva Adresseavisa skreiv då verket blei framført på Olavsfestdagane i Trondheim:

"Helt rått! Gikk du glipp av konserten med Knut Reiersrud og Trondheimsolistene, gikk du glipp av noe eksepsjonelt rått!

Her det berre å gle seg til noko utanom det vanlege!

Knut Reiersrud band består forutan frontfiguren av kremen av norske musikarar: David Wallumrød på piano og hammond, Bjørn Holm på el-gitar, Nikolai Eilertsen (fra Bigbang) på bass, og Andreas Bye på trommer.

Trondheimsolistene har vunne Grammy fleire gonger. Dei har turnert i store deler av Europa, Asia, USA og Brasil, og har tidlegere samarbeidd med namn som Truls Mørk, Leif Ove Andsnes, Tine Thing Helseth og Ole Edvard Antonsen. TrondheimSolistene er kjent på Hamar der dei kvart år deltek på Klassisk Julekonsert i Vang kirke.

Stad
Fosnavåg Konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: