Kompani WE

Kompani WE. Plakat.
Kompani WE. Plakat.
Laurdag, 22 mars, 2014 klokka 19:00

Herøy Kulturskule fyller 40 år, og i den anledning har eg henta inn to tidligare elevar som imponerer på kvar sine felt. Elise Nærø, vokal, og Stine Karoline Eliassen, dans.

Kompani WE består av 10 dansarar frå kulturskulen, og alle har vore elevane mine i mange år.
Knut Vegar Prytz er med som komponist og han og Elise er magi! Stemma til Elise, saman med bevegelsane til dansarane gir følelsane liv. Det stikk djupt. Temaet er ikkje gitt. Du sjølv er med på å tenke, kjenne etter. Du vil finne deg i vårt univers ganske kjapt! Vakker musikk, dempa lys, meditasjon og flyt er stikkord for forestillinga.
Eg vil gjerne at du tek turen for å oppleve noko utanom det vanlige. Noko som har tatt årevis med grubling før bitane falt på plass. Dei rette folka fann saman.
Elise, Stine Karoline, Knut Vegar, dansarane og eg vi gir av vårt indre denne kvelden.
Velkomen er Du!

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: