ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Hausten 2011 starta prosjektet UHØRT. Her kan ungdom i eit trygt felleskap lære seg å synge, videreutvikle sangtalentet sitt, samt trene på samsang. Debutkonsert fant stad på gruppa sin faste konsertsal, Ingebrigt Davik-huset, 28. april 2012. Det har, frå første strofe, vore eit ambisiøst prosjekt, noko det framdleis er. Det stadfestas av planane om gjenforeiningskonsert i romjula:
Det er nemlig tid for å jubilere! Over fem år sidan oppstarten har 50 ungdomar gjennomført konsertar i tradisjonell UHØRT-stil, og til Reunion-konserten er samtlige av disse invitert til å delta. Det blir difor eit gjensyn, og ikkje minst gjenhør, men fleire tidligare deltakarar. Kven det blir og kor mange det blir, får du vite om du sit i salen fredag 30. desember. Velkomen til ein festaften med både glansnumer og premierelåtar!
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no