Kong Arthurspelet på Sandsøya

Kong Arthur spelet. Pressefoto.
Kong Arthur spelet. Pressefoto.
Dollsteinen. Foto: Kong Arthur spelet
Dollsteinen. Foto: Kong Arthur spelet
Laurdag, 10 august, 2013 klokka 13:00

Kong Arthurspelet er eit humorspel med lokale aktørar i rollene. Kvart tredje år har vi kvileår. Eit slikt år var i 2012. No er vi derimot spenna klar med nyladda batteri. 

Spelframsyningane i år vert 10. og 11. august med mellom anna  ny tingscene full av humoristiske innslag.

Spelet er Sande kommune sitt tusenårsprosjekt, og skal framsynast på nytt 10. og 11. august 2013.
I dette humoristiske friluftsteateret møter vi folket på og kring Kongsvollen slik det var for omlag 1500 år sidan. Manusforfattarar er Odd Kåre Wiik, Arild Sande, Astrid Saure, Brit Gurskevik og Oddbjørn Hagen, som også er regissør. Musikken er laga av Nils Iver Holtar.

”Riddarar av det runde bord” var i fylgje legendene på Sandsøya (Dollsøy) for å leite etter "Ringskatten" og Den heilage Gral. Forskarar meiner at skatten skal vere gøymd i Dollsteinhola av Olav Ring (Arthur sin far).
Folketru og segn fortel at skatten i hola vert vakta av jøtulen Bruse. Som populærfigur kan vi i dag oppleve Arthur i fleire filmversjonar, kanskje mest kjend som Kong Arthur i dei kjende Monty Python-filmane og sist i filmen "King Arthur".

I oldtidssagaer står det mellom anna skrive at Kong Arthur rådde over store landområde. Eit av desse områda vart kalla Havlandet, og mange meiner i dag at det var Møre. Arthur vart hærførar av Britannia etter å ha drege sverdet "Excalibur" ut av steinen det stod i.

Arthur sin næraste rådgjevar, trollmannen Merlin, var med på kongen sine reiser. Også då han enda sine dagar på øya der skatten ligg. Kongen møter kjærleik, motstand, svik og siger på sine reiser. Med seg på si siste reise hadde han også ei gruppe nonner som pleia han etter at han tapte og vart såra i siste kampane i heimlandet.

Enkelte deler av manuset endrar seg frå år til år og kombinerer gamle segn med nyare konflikter og problemstillingar.
Manusforfattarane legg stor vekt på språket og har krydra dette med mange gamle lokale ord og uttrykk.

Arbeid, overtru, mystikk og trugande påtrengarar er kvardagen i ei tid der impulsane frå framande kulturar har starta sitt inntog.

Sjå også nettsida.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement). Billettsal også på spelplassen før framsyningane.

NB! Husk å printe billetten før du legg turen til Sandsøya. Om du ikkje har printer heime, kan du printe den på Servicetorget ved Ulstein rådhus eller i Kinokiosken på Sjøborg.

Billettprisar
Voksne kr 300,-
Born kr 100,-
Under skulealder gratis.

Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: