Kong Arthurspelet på Sandsøya

Kong Arthurspelet. Foto: Hanne Noteøy. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Kong Arthurspelet. Foto: Hanne Noteøy. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Laurdag, 13 august, 2016 klokka 13:00

Arthurspelet er Sande kommune sitt tusenårsprosjekt, og skal framsynast på nytt 13. og 14. august 2016. I dette humoristiske friluftsteateret møter vi folket på og kring Kongsvollen slik det var for omlag 1500 år sidan.

Manusforfattarar er Odd Kåre Wiik, Arild Sande, Astrid Saure, Brit Gurskevik, og Oddbjørn Hagen som også er regissør og har hovudansvar for manusguppa. Idémakar for dette prosjektet er Jostein Korsnes. Musikken er laga av Nils Iver Holtar, men ein nykomar i år etter han er Tale Vang Ellefsen.

”Riddarar av det runde bord” var i fylgje legendene på Sandsøya (Dollsøy) for å leite etter “Ringskatten” og Den heilage Gral. Forskarar meiner at skatten skal vere gøymd i Dollsteinhola av Olav Ring (Arthur sin far).

Folketru og segn fortel at skatten i hola vert vakta av jøtulen Bruse. Som populærfigur kan vi i dag oppleve Arthur i fleire filmversjonar, kanskje mest kjend som Kong Arthur i dei kjende Monty Python-filmane og sist i filmen “King Arthur”.

I oldtidssagaer står det mellom anna skrive at Kong Arthur rådde over store landområde. Eit av desse områda vart kalla Havlandet, og mange meiner i dag at det var Møre. Arthur vart hærførar av Britannia etter å ha drege sverdet “Excalibur” ut av steinen det stod i.

Arthur sin næraste rådgjevar, trollmannen Merlin, var med på kongen sine reiser. Også då han enda sine dagar på øya der skatten ligg. Kongen møter kjærleik, motstand, svik og siger på sine reiser. Med seg på si siste reise hadde han også ei gruppe nonner som pleia han etter at han tapte og vart såra i siste kampane i heimlandet.

Enkelte deler av manuset endrar seg frå år til år og kombinerer gamle segn med nyare konflikter og problemstillingar. Manusforfattarane legg stor vekt på språket og har krydra dette med mange gamle lokale ord og uttrykk.

Arbeid, overtru, mystikk og trugande påtrengarar er kvardagen i ei tid der impulsane frå framande kulturar har starta sitt inntog.

Les meir på www.kong-arthur-spelet.no.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement). Billettsal også på Sandsøya ved inngong.

Billettpris 
Voksne kr 320,-
Born kr 120,-

Born under skulealder kjem gratis inn.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: