"Konglesugeren"

Konglesugeren. Plakat. Illustrasjon Per Dybvig.
Konglesugeren. Plakat. Illustrasjon Per Dybvig.
Onsdag, 21 oktober, 2015 klokka 18:00

Den lure, litt loslitne Reven og den lojale og engstelege vennen hans, Grisen,er ute på nye eventyr. Bjørn F. Rørvik har nok ein gong klart å skape ei frodig og absurd historie, full av uskikkelege påfunn og laussluppen humor. Konglesugaren er ei historie om å lure og bli lurt, heilt blotta for moral!

Denne gongen byrjar historia med at Reven skal gjere reint i hiet sitt. Det er forferdeleg skitent og fullt av konglar. For å få jobben gjort, bestemmer han seg for å få fatt i den flunkande nye konglesugaren som fjompenissen Papp akkurat har skaffa seg. Han får overtalt sin beste venn, Grisen, til å hjelpe seg og saman klarer dei til slutt å få tak i den fantastiske vedundermaskina. Men heilt lett er det ikkje. Det må både list, mørke solbriller og eit forfalska «sugekort» til før dei endeleg kan få med seg konglesugaren heim. Og kanskje kan han brukast til noko mykje morosamare enn å suge konglar…

Reven og Grisen er kjende for mange frå Barneteatret Vårt si framsyning Prikkesyken som var ein stor suksessMed Konglesugaren inviterer vi til eit hyggeleg gjensyn i ei varm og humoristisk framsyning som vi vonar vil vere til glede for liten og stor.

Framsyninga varer i 50 min. Målgruppe: 3-100 år

av Bjørn F. Rørvik

Dramatisert av Eva Eklöf Mørkeset

Regi: Astrid Overaa

Scenografi: Märta Fallenius

Med: Morten Anda Berg, Hans Norman Røine og…….

Lysdesign: Jonas Fuglseth

Stad
Storfjord Kulturhus
Øyna 1
6201
Stranda
Kommune: 
Tema: