ADecrease | ANormal | AIncrease |
Current Size: 100%
Hanne Kolstø- haustturné «Fare» (Album) 2018. Jansen Records
Hanne Kolstø slapp sitt åttande album, Fare, 2. februar i år. Albumet fekk strålande kritikkar mellom anna med terningkast 5 i Aftenposten, Dagsavisen, NRK P1 m.fl. Denne hausten tek ho med seg bandet på ein Noregsturné.
Kolstø er ein artist som trivast best i konstant rørsle, og det nye albumet «Fare» har denne gongen fått eit langt røffare sound enn låtene på hennar forrige skive «Fest Blikket». Ho omtalar seg sjølv som ein einstøing, der ho den siste tida har valt å busetje seg på ei avsidesliggande hytte i skogen der ho nyt stilla. Stilla og naturen har alltid vore noko ho søkjer til for inspirasjon, noko som stammar frå oppveksten ved fjorden i sunnmørsbygda Sykkylven.
Rastlausheita og isolasjonstrongen har med andre ord ikkje lagt nokon dempar på kreativiteten – Kolstø er produktiv som aldri før. Med «Fare», hennar andre plate på norsk og sunnmørsk, held ho fram med å utforske nye musikalske retningar – aldri på staden kvil. Isolasjon, eller kanskje einsemd, spesielt den som kan oppstå i mellommenneskelege forhold, er eit gjennomgåande tema på plata. Kolstø kjem med ei viktig presisering: «Og så kan det jo vere greit å vite at ’fare’ også blir brukt om ’å stikke’ på mi dialekt. Har jo alltid lyst å stikke av.»
Det tøffare og meir beats-orienterte soundet er ei endring som kler artisten Hanne Kolstø veldig godt, og evna til å skrive medrivande låter og uimotståelege refreng har definitivt ikkje forsvunne i prosessen. Som vanleg har ho jobba med produsent, gitarist og partnar, Øyvind Røsrud, eit samarbeid som har utvikla seg i alle retningar sidan debutplaten, «Riot Break» frå 2011. Saman held dei fram med å pushe kvarandre, stadig i retning neste låt og eitt nytt sound. Hanne har vore nominert til Spellemansprisen heile fire gongar.
DISKOGRAFI
- Riot Break (2011)
- FlashBlack (2012)
- Stillness & Panic (2013)
- Forever Maybe (2014)
- While We Still Have Light (2015)
- LIve at Tøyenkirken (2015)
- Fest Blikket (2016)
- Fare (2018)
Dato | Kva |
---|---|
28 jan |
Riksteatret: Mio, min Mio Ørsta kulturhus |
28 jan |
Steinar Raknes - STILLHOUSE m/Unni Wilhelmsen Ørsta kulturhus |
28 jan |
Riksteatret: Mio, min Mio Ørsta kulturhus |
05 feb |
Eva Weel Skram / Konsert Ørsta kulturhus |
06 feb |
Barn ingen adgang! Ørsta kulturhus |
28 feb |
Konsert med Stig Ulv Ørsta kulturhus |
02 mar |
Riksteatret: Eg snakkar om det heile tida Ørsta kulturhus |
11 mar |
Konsert / Knut Marius Djupvik med band Ørsta kulturhus |
Kulturnett Møre og Romsdal, Kirkegt. 10, Pb 1073 Sentrum, 6001 Ålesund. Sentralbord : 40618600, Kulturnettkoordinator: 91625091. Epost: kulturnett@ikamr.no