Konsert med Brothers in Arms - A Tribute to Dire Straits

Fredag, 15 januar, 2016 klokka 20:00

Brothers In Arms består av rutinerte musikarar frå Ålesund og Brattvåg med lang fartstid i forskjellige band i distriktet: Erik James Anderson; vokal, Ketil Strand; gitar, Lars Øverås; bass, Bjørn Skjelten; trommer og Kjell Myklebust; tangentar. I tillegg har dei fått med seg to ikkje mindre rutinerte musikarar; Sten-Even Holstad; gitar og Kjetil L.Ingvaldsen; sax, og til saman utgjer desse altså "Brothers In Arms".

Publikum blir tatt med på ei musikalsk "mimrestund" der dei vil få høre både fleire av dei gode gamle klassikarane til Dire Straits, og nokre av musikarane sine eigne favorittlåtar.
Sjølv om "Brothers In Arms" gjer Dire Straits-låtane på sin måte, vil gjenkjennelsesfaktoren garantert vere høg.

Stad
Gomerhuset
Kommune: 
Kategori: