Konsert med Eivør

Søndag, 21 september, 2014 klokka 19:00

Eivør, fødd på Færøyane i 1983 er ein vokalist, instrumentalist og songwriter med ei sjeldant vakker og kraftfull stemme. 

Frå ho var 15 år bestemte ho seg for å dedikere livet sitt til musikken, og hennar inspirasjon er henta frå dei mystiske og vakre øyene ho kjem ifrå. Kjærleiken til den færøyske kulturen ligg i hjartet i alt ho gjer, men ho har utvida til å la seg inspirere av andre nord-atlantiske tradisjonar i tillegg. I 2003 heldt Eivør til på Island, og vart kåra til "Singer of the year". Eivør akkompagnerer like gjerne seg sjølv som det å spele med band, med framføringar av ein miks av tradisjonelle songar og hennar eigne komposisjonar.

No for tida held Eivør til i Danmark. Mange av songane hennar er færøyiske, nokre er islandske og i seinare tid har ho også inkludert engelsk. Musikken dekkjer eit vidt musikalsk område, med tema som kjærleik, tap, minner, fridom og natur. Stemma hennar er ekstraordinær karakterfull, unik og virtuos. På same tid er ho ein live-artist som er veldig tilstades i det ho gjer.

Eivør har vorte skildra som "a pure Viking goddess". Ho har no kome til eit nivå der ho er verdskjend, og like trufast held ho på sine tradisjonar i framføringane sine.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: