Konsert med Gospelkoret

Gospelkoret. Pressebilete. Kjelde: Sjøborg Kulturhus
Gospelkoret. Pressebilete. Kjelde: Sjøborg Kulturhus
Onsdag, 9 april, 2014 klokka 20:00

Gospelkoret innleiar påska med konsertar på Larsnes og Ulsteinvik.

Då Gospelkoret arrangerte konsert før påske i fjor stod det i avisa at Ulstein kyrkje eksploderte. Torsdag 10. april stiller koret opp med ny konsert i kyrkja, og det er all grunn til å tru at denne skal løfte taket like mykje som fjorårets. I tillegg til konserten i Ulstein kyrkje, vert det også konsert i Larsnes kyrkje onsdag 9. april.

Gospelkoret, under leiing av dirigent Einfrid Grindheim, er i sving med å øve inn ei rekkje nye songar der påskebodskapen går att som ein raud tråd. Når dette i tillegg vert akkompagnert av koret sitt dyktige orkester, skulle alt ligge til rette for ei god konsertoppleving som ein fin inngang til påskeveka.

Billettar
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå under), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris 150,-
Konsertane er gratis for alle under 15 år.


Ungdom (16-20 år) kan kjøpe billett i Servicetorget og i Kinokiosken til 25 % redusert pris. Dette er eit tilbod frå Møre og Romsdal Fylke.



BILLETTBOKSA FOR BILLETTAR TIL LARSNES KYRKJE OPPDATERER SEG MÅNDAG!

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: