Konsert med jazz-/bluesbandet BRIIF

Personane på bildet er frå venstre: Bjørn Skjelten, Ivar Holsvik, Ingunn Drabløs, Kjetil Hjelle, Raymond Engstrøm og Sven Bernt Ellingsæter.
Personane på bildet er frå venstre: Bjørn Skjelten, Ivar Holsvik, Ingunn Drabløs, Kjetil Hjelle, Raymond Engstrøm og Sven Bernt Ellingsæter.
Laurdag, 6 desember, 2014 klokka 08:48

BRiiF er eit band etablert med lokale instrumentalistar frå Haram, Vestnes og Ålesund, med sans for ein stilart med sjel og val av spanande låtar som betyr mykje for deira eigen musikalske utvikling. Sjangeren er variert populærmusikk innanfor jazzrock og blues. 

I 2013 spelte BRiiF til ein nesten fullsatt sal på Gomerhuset og årets konsert har ei ramme basert på god musikalsk glede og trøkk.

Skøye Teaterlag inviterer elles til positivt samvær i opnesona på Gomerhuset både før og etter konserten. Det blir anledning til å kjøpe forfriskningar.


BRiiF er: Bjørn Skjelten; trommer, Sven Bernt Ellingsæter; sax, Raymond Engstrøm; gitar, Ingunn Drabløs; vokal, Ivar Holsvik; tangentar, Kjetil Hjelle, bass. 

Stad
Gomerhuset
Stadionvegen 25
6260
Skodje
Kommune: