Konsert med Ole Reinlund og Kåre Nymark jr.

Reinlund og Nymark. Pressefoto. Kilde: Gomerhuset.
Fredag, 19 april, 2013 klokka 19:30

Ole Reinlund på vokal, flygel og gitar har med seg Kåre Nymark jr. på trompet og flygelhorn til Gomerhuset 19. april. Repertoaret er henta frå Ole Reinlunds ulike cd-innspelingar, samt nokre nye låtar frå eit komande album.

Musikken kan ein karakterisere som visejazz, med tekstar på norsk. Ole Reinlund har gitt ut tre cd-album med eige materiale. For albumet «For det var hit» i 2003 blei han nominert til Spelemannspris. Hans siste album «DEG» kom i 2009. Eit fjerde album er på gang.

Kåre Nymark jr. har spelt i mange ulike prosjekt. Mange kjenner han igjen frå Ytre Suløens Jazz-ensemble, der han var med i mange år. No er han aktuell med sitt å eige prosjekt, Kåre Nymark Band, som gav ut sitt første album sist haust.

Begge musikarane er busette på Valderøya. Ole Reinlund er opphavleg frå Karmøy, og har budd på Sunnmøre sidan 2003. Kåre Nymark jr. er frå Sula, har budd mange år i Oslo, men flytta tilbake til Sunnmøre i fjor.

Stad
Gomerhuset
Stadionvegen 25
6260
Skodje
Kommune: 
Tema: