Konsert: Nordic Voices

Nordic Voices. Pressefoto.
Nordic Voices. Pressefoto.
Søndag, 13 november, 2016 klokka 18:00

Vokalsekstetten Nordic Voices vart starta i mai 1996. Dei seks songarane har utdanning frå Norges musikkhøgskole og Statens operahøgskole, og repertoaret spenner frå gregoriansk song til nyare og moderne klassisk musikk. I tillegg til konserter i Noreg og andre land i Europa, har Nordic Voices turnert i mellom anna USATaiwanJapanSør-Afrika.

Medlemmene i Nordic Voices er Tone E. BraatenIngrid HankenEbba RydhPer Kristian AmundrødFrank Havrøy og Trond Olav Reinholdtsen. Nordic Voices fikk Fartein Valen-prisen i 2008 og Gammleng-prisen i 2010 i klassen kunstmusikk.

Nordic Voices framfører denne kvelden eit program som spenner frå norske folketonar til klassiske verk i europeisk kyrkjemusikk. Slik er f eks Bjarne Sløgedal sine arrangement på folketonane «For Guds folk er hvilen tilbake» og «Herre Jesus, gi meg nåde» sett opp mot Max Reger sin «Nachtlied» og Francis Poulenc sin «Exultate Deo».

Stad
Spjelkavik kyrkje
Kommune: