Konsert: Ole Reinlund band

Ole Reinlund. Pressefoto. Fotokjelde: Ålesund kommune, kultur.
Ole Reinlund. Pressefoto. Fotokjelde: Ålesund kommune, kultur.
Fredag, 11 november, 2016 klokka 19:30

Ole Reinlund har gitt ut fire CD-album med eigne låtar i grenseland mellom vise og jazz. Han bur på Valderøya, men har turnert Noreg med konsertar i 25 år. For albumet "For det var hit" blei Reinlund nominert til Spelemann. 

Ole Reinlund (vokal og keybord)

Trygve W. Fiske (bass)

Hayden Powell (trompet)

Ålesund strykekvartett




Trygve Waldemar Fiske (29) på kontrabass er utdanna ved jazzlinja ved NTNU i Trondheim og ved Norges Musikkhøgskole. I 2013 fekk han Shells jazzstipend, og han har sin eigen kvartett «Waldemar 4» i tillegg til å spele med mange av dei fremste jazzmusikarane våre i ulike band.

Hayden Powell (32) er jazztrompetist og komponist med base i Oslo. Også han er utdanna ved jazzlinja i Trondheim og ved Norges Musikkhøgskole. Han har sin eigen trio Hayden Powell Trio, men i tillegg spelar også han i mange andre band og prosjekt. Hayden Powell mottok Moldejazz sitt stipend allereie i 2006. 

Stad
Spjelkavik kyrkje
Kommune: 
Tema: