Konsert//Folkemusikkfesten Raudan gull

Folkemusikar Jorun Marie Kvernberg. Fotograf: Kristin Støylen.
Folkemusikar Jorun Marie Kvernberg. Fotograf: Kristin Støylen.
Laurdag, 12 januar, 2019 klokka 18:00

Tradisjonsmusikk og dans frå Ørsta og Volda

Folkemusikar Jorun Marie Kvernberg og folkedansar Anna Gjendem står i bresjen for å løfte fram vår lokale folkemusikkskatt og unge folkemusikktalent i denne unike festkonserten. I prosjektet RAUDAN GULL har dei samla nærare 40 ungdom og unge vaksne frå heile fylket:

Sjå den gamle dansesveipen og høyr dåmen etter Vika-Petter og Sjure-Hans, Engja-Lars og Syvdsnesen, Norvald Dahl og Sivert Aasebø, Paul Sandvik og Karen Sandvik, i tradisjonell drakt og i nye arrangement av Jorun Marie Kvernberg.

 

Nystarta «Kviven duo» er også gjest i konserten, og her har Kvernberg med seg meisterspelekvinna Britt Pernille Frøholm frå Hornindal.

 

Med

Jorun Marie Kvernberg (fele/song)

Anna Gjendem (dans)

Oline Løvlid, (song)

Britt Pernille Frøholm (fele)

Thea Marie Ytterdal (fele)

Marius Berglund (akkkordeon)

og mange, mange fleire!

Prosjektet er støtta av Dextra-fondet, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Ørsta og Volda kommunar og KOMP - Norsk Musikkråd.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 

Skriv ny kommentar

Plain text

  • HTML-koder er ikkje aktivert.
  • Internettadresser og e-postadresser konverterast til lenker automatisk.
  • Linjer og avsnitt blir automatisk behaldt.
CAPTCHA
This question is for testing whether or not you are a human visitor and to prevent automated spam submissions.