KorForOss: Power of Love

KorForOss. Plakat.
KorForOss. Plakat.
Laurdag, 13 februar, 2016 klokka 18:30

Power of Love vart framført på Grendahuset på  Longva i november i fjor. Det var suksess både for musikarar og publikum.

Dyktige musikarar med Jan Gunnar Åkre på tangentar, Nils Harald Ånstad på gitar, Martin Morland på bass og Henrik Lødøen som handterer slagverket. Bjarne Lorgen, med sin særeigne stil, stiller som gjestesolist på nokre av songane. Dessutan trør koret sine flinke solistar til.

Kor For Oss satsar på ein stemningsfull laurdagskveld med gode musikkminner frå eit tiår som rommer enorme mengder hits. Koret vil mellom anna servere Stairway to Heaven, Signed Sealed Delivered I’m Yours, Things We Do for Love og mange fleire.

Det ligg an til ein fin-fin laurdag på kulturhuset!

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: