Korpskafe m/gjestar

Brattvåg Janitsjar. Pressebilete.
Brattvåg Janitsjar. Pressebilete.
Søndag, 10 november, 2013 klokka 16:00

Brattvåg Janitsjar går denne hausten nye vegar og inviterer deg til ein ”god, gamaldags” korpskafé søndag 10. november. Sett av denne ettermiddagen og få servert eit variert og underhaldande musikalsk program frå Brattvåg Janitsjar, i godt selskap med to spanande gjestekorps frå nærområdet

Korpsa vil presentere sjølvvald musikk plukka frå øvste hylle og som går på tvers av musikalske sjangrar og tidsepokar, og svingar innom både kjente slagerar og nye tonar. Kanskje blir det eit storslagent fellesnummer?
Det blir ein tradisjonell korpskafé, som sjølvsagt byr på sal av lodd, kaker og kaffi, i tillegg til dei musikalske innslaga.
…Ta søndagskaffien på Ingebrigt Davik-huset denne dagen. Brattvåg Janitsjar lover høg trivselsfaktor!

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: 
Tema: