Kortreist mat og musikk

Kortreist mat og musikk. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Kortreist mat og musikk. Fotokjelde: Sjøborg Kulturhus.
Søndag, 12 juni, 2016 klokka 18:00

På menyen til Smak av Ulstein i år byd Eiksund Bygdelag inn til musikalske perler og magisk forsommarmat av det kortreiste slaget. Vi serverer ein konsert for piano, trombone og rabarbra krydra med stemningsfull lyrikk. Pianist John Inge Leira Bjøringsøy og trombonist Bente Mangerud framførar tonar og stemningar av mellom anna Geirr Tveitt, Maurice Ravel, Alf Prøysen og Astor Piazzolla. Bente les òg nokre av sine fine små diktstubbar som godt krydder til vårleg musikk.  Bjøringsøy/Mangerud har hausta rosande meldingar og ståande applaus for sine konsertar i samband med den mykje omtala musikkdugnaden ƒrendeƒinansiert ƒlygel.

I pausa kan alle få ein smak av Lisa Mari Breivik Anderson/Gode Greier si nydelege rabarbrasuppe, samt ferske rundstykker med rabarbrasylte. Her vert òg mogleg å forfriske seg med sløsj av ferske solbærblad og heimelaga saft. Ein god kaffi vert det òg attåt, sjølsagt. Billettar via Sjøborg og Smak av Ulstein/ Ulstein Kommune.

Kortreist mat og musikk på Eiksund Grendahus, sundag 12. juni kl.18.00

Pris: Kr. 270,- for musikk og mat. Kr. 120,- for born/studentar

 

Bjøringsøy/Mangerud er eit musikalsk samarbeid med musikk for piano og trombone ispedd lyrikk.

 John Inge Leira Bjøringsøy (27) er pianist og småbrukar frå Leira i Ørsta kommune. Han flytta heim til Leira i februar 2015 for å starte opp med gardsdrift. Han er tilsett som organist i Bjørke kyrkje, og er mykje nytta som pianist og akkompagnatør for ulike aktørar i distriktet, både solistar, kor, korps og band. Bjøringsøy er er ein allsidig utøvar og er bevandra innan dei fleste sjangrar.

Han har opplæringa si frå kulturskulen i Ørsta med Tom Erik Bogen som lærar, og på vidaregåande i Volda var Bård Dahle pianolæraren hans. Etter vidaregåande gjekk han to år på jazz-linja ved Sund folkehøgskule, og etter dette fulgte landbruksutdanning på Ås og ved Sogn Jord- og hagebruksskule før han flytta attende til Leira.

 Bente Mangerud (45) frå Volda, jobbar som rådgivar i Lånekassen i Ørsta, og er ein aktiv amatørtrombonist i Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Ho er opprinneleg frå Brøttum i Ringsaker kommune, men har budd i Volda sidan 2001.

 Ho speler trombone i symfoniorkester, og har spelt trombone til og frå sidan 1997. Ho har korpsbakgrunn frå brass band på euphonium, og bytta til trombone da ho var var 26 år. Trombone lærte ho seg sjølv, men kom hausten 2014 i kontakt med ein av trombonistane i operaorkestet i Oslo, og fekk høve til å ta sporadiske speletimar i Oslo frå hausten 2014.

Lisa Mari Breivik Anderson (36) er lærar på Ulstein Vidaregåande Skule, og for tida har ho foreldrepermisjon. Ho er ei aktiv dame: lokalpolitikar, leiar av Bondens Marknad Sunnmøre og produsent av framifrå lokale matvarer gjennom firmaet sitt Gode Greier. I år har ho starta opp eit spennande prosjekt med andelslandbruk.

Firmaet Gode Greier held til på garden Gjerdsbakk på Dimnøya i Ulstein Kommune. Saft, sylte, gelé, dessertsausar og honning er deira produkt. Det er viktig for dei å ta vare på gamle tradisjonar samtidig som dei vil fremje det ekte og gode frå naturen.

Velkomne til kortreist mat og musikk på Eiksund Grendahus 12. juni. Vi gler oss til å servere ein konsert for piano, trombone og rabarbra!

Billettar 
Du kan kjøpe billettar på nettsida (sjå over, klikk på klokkeslettet), i Servicetorget ved Ulstein rådhus (tlf 70 01 75 00, mån-fre 08-16) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris
Kr 270,- for musikk og mat
Kr 120,- for born/studentar

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: