Kulturcruise på Eikesdalsvatnet

Laurdag, 1 september, 2012 klokka 14:00:00

Kulturcruise med Morten Krogvold og Tove Nilsen

Morten Krogvold er en av Norges mest profilerte fotografar, ein ettertrakta kurshaldar og ein sers inspirerande foredragshaldar. Krogvold har utgitt 17 bøker - hatt over 100 utstillinger i 18 land, har fått fleire prisar og er Ridder av St. Olavs orden. Han er og kunstnerisk leiar for den internasjonale fotografifestivalen i Kristiansund, Nordic Light.

Tove Nilsen har gitt ut 26 bøker sidan ho debuterte i 1974. Ho har fått tildelt ei rekke prisar for sitt arbeide og vore nominert til Nordisk Råds Litteraturpris. Bøkene hennar er oversatt til fleire europeiske språk. Ved fleire høve har dei to samtalt om si begeistring for kvar andre sitt kunstuttrykk. Tove Nilsen fortel om korleis fotografiet kan være ein viktig inspirasjonskjelde i skriveprosessar, medan Morten Krogvold lar møte med litteraturen framkalle nye idear til hans arbeid som fotograf. Under Kulturcruiset på Eikesdalsvatnet laurdag 1.september kan du også få høyre om korleis dei arbeider og stadig er på jakt etter nye impulsar. Med Eikesdalsvatnet som bakteppe vil nok fleire enn Morten Krogvold finne inspirasjon til å hente fram fotoapparatet.

Billetten inkluderer båttur, mat, i tillegg til programmet med Tove Nilsen og Morten Krogvold.

Stad
Kulturcruise på Eikesdalsvatnet
6470
Eresfjord
Kommune: