Kulturdagane 2015- «Nystedt i 100»

Knut Nystedt. Foto: Norsk Musikkinformasjon/Nasjonalbiblioteket. Fotograf: Lisbeth Risnes.
Søndag, 8 november, 2015 klokka 19:00

Knut Nystedt døydde i år – nokså nær 100 år gammal. Det er all grunn til å feire han, for med han gjekk ein av dei mest nyskapande og produktive komponistane i Noreg bort. Han etterlet seg ei stor og mangfaldig produksjon, men vi minnest han mest for kyrkjemusikken hans. Denne vart straks populær og spreidd over heile verda frå slutten av 60-talet, og ikkje minst vart dei mange motettane hans populære i USA. I kveldens konsert får vi smakebitar frå kyrkjemusikken hans.

Konsert
«Nystedt i 100»
Ålesund kammerkor – dir. Ragnhild Eide Akslen
Kyrkjekora i Ålesund – dir. domkantor Arne Hadland
Grethe Kielland, song
Orgel: Marc Labruijere og kantor Ola Eide

Bill.: kr.250,-

Stad
Spjelkavik kyrkje
Kommune: