Kulturdagane 2015- «Salmemila»

Fredag, 6 november, 2015 klokka 18:00

Det er lett å sjå at «Salmemila» denne kvelden har hatt NRK sin salmemaraton som førebilete. Vi hadde ikkje kapasitet til ein heil maraton, men ei mil skal vi greie. Ei rekkje lokale kor og solistar blir med, og i tillegg blir lokalt kjentfolk intervjua om sitt forhold til salmeskatten.
Publikum kan kome og gå som dei vil og ta med seg så mykje som dei har høve til. Den som treng ei pause, kan få servert kaffi med litt attåt i kyrkjekjellaren.

«Salmemila»
Lokale kor og solistar syng salmar.
Sanctus, Flisneskoret, A Capella, Cantabile, Skodje kyrkjekor, Leif Remmen ,Kjetil Lillesæter med fleire.

Kollekt

Stad
Spjelkavik kyrkje
Kommune: 
Kategori: