Kulturdagane: Lunsj-konsert

Lise Fjellstad og Håvard Gimse. Pressebilde. Fotokilde: Ålesund kommune, kultur.
Lise Fjellstad og Håvard Gimse. Pressebilde. Fotokilde: Ålesund kommune, kultur.
Torsdag, 9 november, 2017 klokka 13:00

Lise Fjellstad treng ingen nærare presentasjon, for gjennom fleire tiår har ho vore ein av våre aller største skodespelarar og scenekunstnarar. Håvard Gimse er ein av Scandinavias fremste pianistar med meir enn 30 kritikarroste CD-ar og mange prisar bak seg.

I denne førestillinga har dei handplukka verk frå det klassiske klaverrepertoaret og poesien si rikhaldige samling, og dei formidlar eit program der både ord og tonar får kome til sin fulle rett. Det overordna temaet for førestillinga er kjærleik, og korleis den er med oss gjennom alle fasar av livet. Kjente og kjære diktarar som Arne Garborg, A.O. Vinje, André Bjerke og Knut Hamsun har fått sin plass i programmet, og Håvard Gimse sørgjer for musikalske kommentarar gjennom musikk av komponistar som Geirr Tveitt, Frederic Chopin, Edvard Grieg og Harald Sæverud. Konserten spenner frå det lette humoristiske til det ettertenksame og sentimentale, så både latter og tårer sitter laust hos publikum.


Bill.: 220,-

I samarbeid med «Den kulturelle spaserstokken»

Stad
Spjelkavik Kyrkje
Kommune: 
Tema: