Kulturlivets Dag i Giske kommune

Valderøy frilynde Ungdomslag
Søndag, 13 mars, 2016 klokka 13:00

Store delar av kulturlivet i Giske kommune inviterer til folkefest i Giske kommunale idrettshall på Valderøya søndag 13. mars kl 13 - 18. Det blir ulike standar og underhaldning frå scena m.m.

Giske frivilligsentral og Giske kommune inviterer lag, klubbar, organisasjonar og foreiningar med på å lage folkefest for å presentere det rike kultur- og aktivitetstilbodet i Giske. Dette kan skje gjennom stands (kvart lag får låne bord og stolar, og skiljeveggar om det er behov for det) og innslag frå scena. Vi håper det blir litt liv og røre ved dei ulike standane. Har de noko de vil selje, t.d. eit produkt e.l., så kan de det. De kan sjølvsagt også gjere noko ikkje vi har tenkt på.

Måla med arrangementet er å bidra til å synleggjere det rike kultur- og aktivitetstilbodet vi har, samt å skape ein arena for lag / organisasjonar / klubbar / foreiningar å vise seg fram og rekruttere nye medlemmar.

Stad
Giske kommunale idrettshall, Valderhaug, Valderøya
Kommune: