Kulturveka i Skodje

Torsdag, 25 oktober, 2012
Fredag, 26 oktober, 2012
Laurdag, 27 oktober, 2012
Søndag, 28 oktober, 2012

tter at Gomerhuset kom på plass, har vi i slutten av oktober hatt Kulturveke på Skodje.
Vi ønsker å setje fokus på mangfaldet av kulturell aktivitet i kommunen, og legge til rette for gode opplevingar.

Først ute i år, onsdag 24. oktober, er utflytta vallebygdar Marius Solevågseide. Med bandet sitt skal han halde konsertar både på dag- og kveldstid.

Torsdag 25. oktober er det seniortreff i regi av Skodje pensjonistlag. DaCapo med sjølvaste Vidar Lønn Arnesen står på programmet.

Fredag blir det ungdomskveld på Gomerhuset, med aktivitetar i idrettshall, kultursal og kafeområde.

Laurdag 27. oktober blir myldredag. Frå kl 12 handballkampar (J12 og J14) i idrettshallen, stands, aktivitetar inne og ute, og ope bibliotek.
Om ettermiddagen kl 15-17 kan skyteferdigheitene prøvast, trygt lagt til rette ved Engesetdal og Skodje skyttarlag.
Frå kl 19 har Skøye Teaterlag lovt ein skikkeleg humorkveld, både i kultursal og kafeområde.

Søndag skal jenter 10 år frå heile Sunnmøre spele handballkampar i idrettshallen.
Kulturveka 2012 blir avslutta med korpskonsert søndag ettermiddag.

Nytt av i år er at Skodje kommune sin Eldsjelpris skal tildelast under eitt av arrangementa.

Stad
Gomerhuset
Stadionvegen 25
6260
Skodje
Kommune: 
Tema: