Kulturvekkå: Færøyane - vår nabo i vest

Bokomslag Færøyane
Laurdag, 6 mai, 2017 klokka 17:00

Tradisjonen tro er Tingvoll bibliotek arena for Tingvoll Mållags arrangement i Kulturvekkå. Forfattar og kulturjournalist Ottar Fyllingsnes kjem for å formidla sine inntrykk frå Færøyane i ord og bilete

Fyllingsnes har skrive ei bok om øygruppa som er meir enn ei vanleg reiseguide. I boka får lesaren gjennom eit møte med folk, kultur og næringsliv eit unikt innblikk i korleis Færøyane er i dag.
På Tingvoll bibliotek vil Fyllingsnes tala om historia, kulturen og kvardagen på Færøyane.
Enkel servering.
Teleslynge for hørselshemma.
Billett: Medlemmer av Noreg mållag: 100,- / ikkje medlem: 150,-

Fyllingsnes vil signera boka etter føredraget.

Stad
Tingvoll bibliotek
Kommune: