Kulturvekkå: Stadnamn, ordopphav og dialektar

Gunnvald Bøe. Foto: bofjorden.net
Laurdag, 11 mai, 2019 klokka 16:00

Tingvoll Mållag inviterer til foredrag.

Tingvoll mållag inviterer til eit spanande kåseri med Gunnvald Bøe! Den pensjonerte norsklektoren frå Bøfjorden er nok kjend for mange, og under Kulturvekkå vil han tala om stadnamn, dialektar og kvifor vi kallar ting slik vi gjer. Er det Tveeikrem eller Tveekra som er riktig? Kva er ein kringelhauk? Kvifor heiter nabodalen Sunndalen? Kanskje får du svara på noko av dette om du tek turen til biblioteket.

Stad
Tingvoll bibliotek
Kommune: