Kunstutstilling på Alnes fyr

Tysdag, 4 juni, 2013 klokka 12:00
Onsdag, 5 juni, 2013 klokka 12:00
Torsdag, 6 juni, 2013 klokka 12:00
Fredag, 7 juni, 2013 klokka 12:00
Laurdag, 8 juni, 2013 klokka 12:00
...og vidare enda fleire datoar.
Vis/skjul alle datoar

Salgsutstilling av Roger Wagland fra 2. juni til 29. juni 2013.

Åpen kafe fra 12:00-18:00 hver dag.

Roger Wagland er fødd i Sheffield i 1953. I 1979 flytta han til Noreg. Han er no busett på Hareid der han arbeider som lærar. Han har reist mykje og har i tillegg til Noreg og England vore busett i Skottland, Tyskland og Botswana.
Roger Wagland har arbeidd med kunst i fleire år og har vore elev ved ulike kunstskular. I 2001 utforma han det første rundkøyrings-kunstverket i Møre og Romsdal, ”Tidskifte”, eit monument i Hareid sentrum i stein og tre piler i stål, der den eine vekte internasjonal merksemd med skjelving til ymse tider.

Roger Wagland har interesse for og arbeider med ulike kunstuttrykk; biletkunst, installasjonar, video/film og musikk, og han går gjerne på tvers av tradisjonelle liner for å uttrykke seg. Dei siste åra har han for det meste arbeidd med biletkunst. Her bruker han ulike teknikkar.

Roger Wagland hadde si første separatutstilling i 1996 i Ulstein Kunstlag. Same år var han ein av tre utstillarar for dronning Sonja i Ulsteinvik. I 1997 var han stemneutstillar på Hareidstemna. Den siste separatutstillinga hadde han i Galleri EogE i Fosnavåg i 2011. Han har delteke på mange kollektivutstillingar og hatt ymse kunst-oppdrag.

Du kan lese meir om og sjå meir av Wagland på denne heimesida www.simplesite.com/wagland

Velkommen!
Stiftelsen Alnes Fyr

Stad
Alnes fyr
Kommune: 
Kategori: