Kvelv bak kvelv utan ende

kvelv bak kvelv utan ende
Søndag, 29 januar, 2017 klokka 19:00

"Kvelv bak kvelv utan ende" er ei oppsetting i skjeringspunktet mellom musikk og lyrikk med tekstar av Tomas Tranströmer, Robert Bly, Jan Ove Ulstein og Øystein Orten, alt tonesett av Odd Goksøyr.

Dyktige musikarar er med og syr det heile saman: Ståle Helvig på piano/orgel, Jan Thormodsæter på bass og, ikkje minst, Miki Campins på perkusjon og marimba. I tillegg vert Gunn Marthe V. Pieroth med på vokal, og Odd Goksøyr vokal/gitar (og litt munnharpe). Øystein Orten vil knyte det heile saman med samanbindande tekstar og framføring av dikt av Robert Bly.

Oppsettinga består av tonesette dikt av Tomas Tranströmer, Øystein Orten og Jan Ove Ulstein fletta saman med dikt av den kjende amerikanske og norskætta lyrikaren Robert Bly, no 90 år gammal. Bly-dikta er gjendikta av Odd Goksøyr i dei to samlingane Den natta Abraham ropte til stjernene og Dei dømde meg til tusen år i glede som kom ut på Ura forlag 2014 og 2015. Det heile er knytt saman av tekstar som dels utdjupar, dels flettar saman dei ulike elementa til ei reise eller forteljing i ulike sider ved det å vere menneske.

Utgangspunktet for framsyninga er at då Goksøyr var ferdig med omsettingsarbeid av dikta til Robert Bly, sette han seg ned og fordjupa seg i dikta til Tomas Tranströmer, som i mange år hadde eit tett samarbeid med Robert Bly (som også hadde mykje kontakt med den norske lyrikaren Olav H. Hauge). Eit sidespor til denne lesinga vart at Goksøyr tonesette nokre av tranströmerdikta som saman med tonesettingar av dikt av Orten og Ulstein som dannar kjernen i denne oppsettinga, men i samanheng med blydikta dukkar det også opp smakebitar frå Bach si messe i h-moll og eit stykke av Rameau.
Billetter: vaksne kr. 200,- / barn gratis. ved døra eller på www.kulturialesund.no

Stad
Borgund kyrkje
Kommune: