Kvinnelege røyster i 100 år

Laurdag, 8 juni, 2013 klokka 13:00

Hifo-Nordvestlandet inviterer til seminar laurdag 8. juni, kl. 13:00-16:00 i føredragssalen på Aalesunds Museum.

I 2013 er det 100 år sidan kvinner i Noreg fekk røysterett på lik linje med menn. 100-årsjubiléet for allmenn røysterett er eit høve til å minnast den langvarige kampen for likestilling i Noreg, men det er også ei anledning til å reise viktige spørsmål ved dagens samfunn. Det er vanleg å oppfatte den norske likestillingskampen som ei suksesshistorie, og ein kan spørje seg om ein ikkje har nådd fram til ein situasjon der kjønn ikkje spelar så stor rolle for deltaking i politikk og samfunnsliv. Eller er det framleis ein veg å gå før likestilling er oppnådd på dette området? Historisk foreining Nordvestlandet (Hifo-Nordvestlandet) ønskjer i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune å markere røysterettsjubiléet ved å arrangere eit seminar som tek føre seg kvinner som samfunnsaktørar i eit historisk perspektiv. Samstundes vil vi ta debatten om vilkåra for kvinneleg medverknad i samfunnsstyringa, i dag og i framtida. Sjølv om røysterettsjubiléet i utgangspunktet har ein nasjonal karakter, vil vi rette særleg fokus mot tilhøva for kvinner si samfunnsdeltaking i Møre og Romsdal.

Seminaret vil omfatte to historiefaglege føredrag og ein avsluttande paneldiskusjon.
Inger Marie Okkenhaug, professor i historie ved Høgskulen i Volda (HVO), vil halde eit føredrag om kvinner som aktørar i norsk samfunnsliv på 1900-talet. Ho vil særleg løfte fram kvinner si deltaking i misjonsorganisasjonar som eit viktig aspekt ved utviklinga fram mot likestilling i Noreg.
Historikaren Eivind Hasle vil i sitt innlegg peike på særeigne trekk ved kvinner si deltaking i politisk aktivitet i Møre og Romsdal på 1900-talet. Hasle vil presentere fleire døme på kvinner som har sett spor etter seg i fylket vårt, og han vil óg trekkje linjer fram til dagens situasjon.
Dei to føredraga vil verte etterfølgt av ein paneldiskusjon der ein rettar fokus på utfordringar for kvinner både i dagens politiske røyndom og i framtida. I tillegg til dei to føredragshaldarane vil deltakarar i panelet vere: Eva Vinje Aurdal (leiar i likestillingsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune), Monica Molvær (gruppeleiar for Høgre i kommunestyret i Ålesund) og Elise Marie Stavset (lokallagsleiar i Ålesund og omegn Unge Venstre).

Trudi Henrydotter Eikrem (stipendiat, Høgskulen i Volda) vil vere ordstyrar for paneldiskusjonen.
Det vert høve for publikum til å kome med innspel undervegs i diskusjonen.

Gratis inngang.
Vel møtt!

Program:
13.00 - 13.45: Inger Marie Okkenhaug: Misjon, organisasjon og kvinners arbeid for kvinner i et historisk perspektiv
14.00 – 14.45: Eivind Hasle: Frå stemmerett til likestilling? 100 år med stemmerett for kvinner i Møre og Romsdal.
15.00 – 15.45: Kvinner og politikk – i dag og i framtida. Paneldebatt

Det vert enkel servering med kaffi, kjeks og frukt.

Arrangørar: Historisk foreining, Nordvestlandet
Møre og Romsdal fylkeskommune

Stad
Aalesunds Museum
Kommune: