Kystpilegrimsleia Seilasen 2014

Frå øya Herøy er det ei fantastisk utsikt til Flåværleia. Foto: Anette H. Christensen.
Søndag, 27 juli, 2014 klokka 11:00

Den 27. juli ynskjer vi deg velkomen til Herøy Gard og «Kystpilegrimsleia Seilasen 2014». Arrangementet markerer starten for prosjektet «Kystpilegrimsleia», og saman med gjestar frå MS Nordstjernen, biskopen frå Stavanger, Bjørgvin, Møre og Nidaros møtes vi til friluftsgudsteneste, kyrkjekaffi og ope museum på Herøy Gard.

Øya Herøy har hatt ein sentral plass i regionen i over 1000 år, og vore ein historisk viktig stad for pilegrimar på veg langs kysten til Nidaros. Her var tingstad med gildestove i middelalderen, kyrkjestad frå ca. 1100, prestegard og handelsstad.
Museet i dag er den gamle handelsstaden, slik den vaks fram på 1800-talet med ulike bygningar, interiør, fiskereiskapar og båtar. Kopi av ein snidbetna færing og seksring, samt ei Sunnmørsjekt.

Kystpilegrimsleia er namnet på pilegrimsvegen som går langs vestkysten av Noreg og endar i Nidarosdomen i Trondheim. Kystpilegrimsleia er et prosjekt i samarbeid mellom fire fylkeskommunar og fire bispedøme for å lage et heilskapleg og berekraftig reiselivsprodukt som fremmar kulturminne og gjev ei eiga oppleving av Noregs kyst.

Kl. 11:00 Friluftsgudsteneste på Herøy gamle kyrkjestad
Fung. sokneprest Bjørn G. Leinebø
Biskop i Møre, Ingeborg Midttømme
Biskop i Nidaros, Tor Singsaas
Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug
Biskop i Stavanger, Erling J. Pettersen

Ta på varme klede og noko å sitje på.

Kl. 12:00 Kyrkjekaffi og ope museum
Kaffe/te og småkaker. Sal av is/brus i museumskiosken.
Du kan besøke husa på garden og innstallasjonen "Stemmene" av Marit Moltu

Det blir skilta til parkering frå fylkesvegen. I tillegg kan du nytte eigen båt til øya.

Arrangementet er eit samarbeid mellom prosjektet Kystpilegrimsleia, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Herøy kyrkje og Herøy kommune.

Stad
HERØY KYSTMUSEUM
Kommune: