Lars Vaular

Lars Vaular. Pressebilete.
Lars Vaular. Pressebilete.
Fredag, 16 september, 2016 klokka 20:00

Med albumtrilogien «666 ALT», «666 GIR» og no sist «666 MENING» har Lars Vaular atter ein gong befesta sin posisjon som ein av landet sine aller viktigaste artistar.

Dette blir ein kombinasjon av stå-konsert og sitjande i amfi. Vi legg først ut billettane for dei ståande, og etterhvert vil vi opne for sitjande publikum på øvre amfi

Liveartisten Lars Vaular har for alvor vist seg fram det siste året. Hans headliner-show på Øyafestivalen vert det framleis snakka om. Ei rekke andre suksessrike festivaljobbar og større konsertar (både eit utseld Rockefeller og Bergenshus Festning) har definitivt bidratt til at han hausten 2015 vart nominert til ein P3 Gull-pris i klassen «Årets liveartist». Vaular vann for øvrig den gjevaste prisen av dei alle, P3-prisen, under same prisutdeling i slutten av november. 

På nyåret i 2016 vart han også nominert til heile fire Spelemann-prisar for sin "666"-trilogi, nærare bestemt i kategoriane «Årets Urban», «Årets Album», «Tekstforfattar», samt at også produsent Frode Kvinge Flatland vart nominert for sitt arbeid på platene i kategorien «Årets Produsent». 

Lars Vaular gjer som han vil, når han vil, uavhengig av sjanger eller kunstnarleg uttrykk. 

Pressen om «666 MENING»: 

Bergens Tidende (5/6)

«Den siste plata i «666»-trilogien nøster opp trådene og kompletterer et av de mest solide verkene i norsk hiphop-histore.»

VG (5/6)

«Fortryllende trilogi.» 

Dagsavisen (5/6)

«Han er vel den eneste som kan utfordre Karpe Diem når det kommer til gjennomslag i norsk rap. Lars Vaular har en knakende god katalog bak seg og leverte Øyas høydepunkt i sommer.»

Gaffa (5/6) 

«Akkurat nå finnes det ingen bedre rappere i Norge enn Lars Vaular.»

Stad
Fosnavåg konserthus
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: