Latter Live on Tour

Latter Live. Plakat.
Latter Live. Plakat.
Fredag, 8 april, 2016 klokka 19:00

Sidan forrige runde med Latter Live vart ein gedigen suksess her i Ørsta så har vi no invitert tre av dei artigaste komikarane vi kunne tenkje oss: Gustav Nilsen, Fredrik Steen og Halvor Johansson!

Trass i sitt ganske så vanlege namn er Gustav særs unik. Hans genuine teft for humor, musikalske parodiar og treffsikre imitasjonar har for lengst plassert han i toppsjiktet i den norske humoreliten.

Fredrik Steen er ein av veteranane i det norske standup-miljøet og har meir enn 2000 framsyningar bak seg. Han er kjend for sin leikne og særs observante stil, og trivast best med tærne heilt på tuppen av scenekanten.

Halvor Johansson er allereie elska av publikum i alle aldrar, trass i hans unge alder og relativt nye rolle i stand up-miljøet. Ein av den nye generasjonen stand up-komikarar ein berre må oppleve!

 

Velkommen til ein ny runde Latter Live 8. april!

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: