Led Zeppelin: Celebration Day

Onsdag, 17 oktober, 2012 klokka 21:00

Opplev Led Zeppelin sin historiske konsert frå O2 Arena i London 2007 der 20 millionar fans måtte kjempe om kun 18.000 billettar - NO PÅ ØRSTA KINO!!

et har lukkast Ørsta kino og bli med på den verdsomspennande kinopremieren på 1500 lerret i meir enn 40 territorium den 17. oktober. Vi viser også konserten laurdag 20.10. kl 19:00

Den 10. desember 2007 gjekk Led Zeppelin opp på 02 Arena scenen i London for å headline ein "tribute" konsert for sin kjære ven og Atlantic Records grunnleggar Ahmet Ertegun. Resultatet blei ein meir enn to timars "tour de force-konsert" med bandets bluesinnspirerte rock’n’roll som med ein gong blei ein del av legenden Led Zeppelin. Bandmedlemmane John Paul Jones, Jimmy Page og Robert Plant fekk også med seg Jason Bonham, sonen til trommis John Bonham. Saman framførte dei 16 songar frå den lange og hylla katalogen deira, inkludert titlar som: "Whole Lotta Love," Rock And Roll," Kashmir," og "Stairway to Heaven".

Sjølv om 20 millioner mennesker søkte om billett til bandets første headlinekonsert på 27 år, blei konserten kun sett av 18.000 heldige fans som vant billett gjennom eit verdsomspennande billettlotteri. No, for første gong, kan fans i over 40 land sjå den legendariske konserten i krystallklart bilete og fantastisk surround-lyd på kino i ei avgrensa periode!

Les meir på: www.ledzeppelin.com/celebrationday/o2_splash.html

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: