L'enfant resilient - Løvetannungen

Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Fotokjelde: Ørsta Kulturhus.
Torsdag, 1 oktober, 2015 klokka 19:00

Edith Piaf - l'enfant resilient - løvetannungen

Meir enn 50 år etter ho døde, er Edith Piaf og musikken hennar like «levande». Anita Torvund har sett saman eit musikalsk portrett av Frankrikes mest elska songar. Edith Piaf. L’enfant resilient – løvetannungen, er eit forsøk på å formidle delar av livet hennar, frå det som er skrive om henne, utvalde framsyningar som er laga og kva eit av Edith sine mange halvsysken, Simone, – har fortalt i biografien sin om liva deira saman. Det er eit dramatisk og valdsamt liv, på alle måtar. Den største kjærleiken og den svartaste fortvilinga. Von og tru på kjærleiken var drivstoffet som heldt Edith igang. Ho trudde alltid ho ein dag ville koma til å tene «uforskamma mykje pengar» – og "då skal eg kjøpa meg ein kvit bil, med ein svart sjåfør, og du og eg Simone, vi skal gå prikk likt kledde." Musikken og lidenskapen er livet hennar, men vert òg bana hennar.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: 
Tema: