Let's Move!

Lets MOVE. Foto: Herøy Kulturhus.
Lets MOVE. Foto: Herøy Kulturhus.
Laurdag, 30 mai, 2015 klokka 15:00

Kulturskulens største danseshow går av stabelen laurdag 30. mai kl.15:00 på Herøy kulturhus. Denne gongen er det alle dei eldste dansarane som skal på scena for å vise det dei har jobba med siste året.

Heile 15 danseklassar skal på scena, med rundt 140 elevar. Mykje av musikken går naturlegvis som playback, men vi har også  flotte innslag med «live» musikk av elevar til nokre av dansane. I tillegg vil kulturskulen sine lærarar framførepå nytt jubileumsprosjektet vårt som vart urframført på jubileumskonserten i november. Det er vår eminente huskomponist Øyvind Granden Berg som står for dette musikkstykket som han kalla «Indian Sommer» og som blir framført av 10 av kulturskulen sine lærarar.

Nummererte Billettar til amfiet blir lagt ut på nett, medan dei unummererte stolane i salen blir selde ved inngangen.

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: 
Tema: