Lill Lindfors - NB ! Starter KL.20.00

Lill Lindfors. Pressefoto frå LL si heimeside.
Lill Lindfors. Pressefoto frå LL si heimeside.
Laurdag, 9 november, 2013 klokka 19:00

Maj Lillemor (Lill) Lindfors  er ein finlandsk-svensk songar, komikar, skodespelar, komponist og tekstforfatter som er født i Helsingfors i Finland. Lill Lindfor si karriere starta på svenske teaterscene og i folkeparkane på 60-talet - platedebuten kom allereie i 1961.

Ho viste tidleg eit allsidig talent og at ho hadde større musikalsk tyngde enn sine samtidige slagerkollegaer.Lindfors vann svensk MGP saman med Svante Thuresson med Nygammal vals 1966. På 70-talet hadde ho vorte heile Sverige si showdronning og diva. Ein av Lindfors sine spesialitetar var å gjere songane om til bossanova eller samba, - som blei briljant demonstrert i hennar eigen eviggrøne komposisjon Musik ska byggas utav glädje. I 1978 innleidde ho eit livslangt samarbeid med Ketil Bjørnstad og plata Leve Patagonia, der ho ga stemme til Oda Lasson. Det beste beviset på hennar musikalitet, varme og kvikke humor er nok showet De é Lindfors som blei spelt med stor suksess på Börsen i Stockholm midt på 1980-talet. Showet gjekk også på turné rundt om i Sverige. Lill Lindfors har vore teatersjef,  vore programleiar for MGP og leia mange fjernsynsshow i Sverige – samt i England og Frankrike. Ho har også skrive barnebøker og gjort barne-tv. En Sån Karl, Du Är Den Ende, En man i byrån og Sången Han Sjöng Var Min Egen er berre nokre av slagarane fra ei utruleg karriere som har vunne mange gullplater – og gjort henne særs populær også i Noreg.

Dei seinare åra har ho gjort mange jazzkonsertar og sunge inn nye tonesettingar av svensk-språkleg lyrikk, deriblant dikt av Edith Södergran. I 2006 kom plata ”Här är den sköna sommar" , med viser av mellom andre Cornelis Vreeswijk og Evert Taube. I 2010 kom liveplata "En sommerkonsert från Musik Vid Siljan". Lindfors er og UNICEF-goodwill ambassadør, og held føredrag om kroppsspråk. Lill Lindfors har også blitt belønna med ei H.M. Konungens medalj av 8: grad. Høsten 2009-våren 2010 turnerte Lill Lindfors med Riksteaterns oppsettning av komedien "Plaza svit" der ho gjorde tre forskjellege kvinneroller. Dei siste åra har Lindfors gjort mange konsertar i Noreg, fleire av dei ilag med Ketil Bjørnstad.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: