Lilla

Lilla. Teatret Vårt.
Lilla. Teatret Vårt.
Onsdag, 2 oktober, 2013 klokka 20:00

Jon Fosse sitt abstrakte språkunivers gjev rom for å utforske arketypar i ei tenåringsverd fylt av konflikt, usikkerheit og kjærleik. Runar Gudnason har språkleg og musikalsk kompetanse kombinert med erfaring i møte med målgruppa. Hans grep om regien gjer språket aktuelt og direkte. Verkeleg og skremmande nært... Kor går grensene? Kven bestemmer?

Eit levande, organisk språk sett inn i ei intens ramme – som likegodt kunne vore næraste øvingsrom. Pulsen i språket og musikken skaper ei suggererande rytme som d-r-e-g deg inn i spelet.

Opplevinga av å ha sett tenåringsverda i spegelen gjev deg noko å gruble på. Kven vil du vere?

Språket famnar vidt. Likevel er det nært. Framsyninga fangar tenåringar i eit univers som er deira eige. Det gjev dei reiskap til sjølve å vurdere og å uttrykke seg: Skolemateriellet som følgjer produksjonen tek pulsen på tenåringslivet. Språkåret er så definitivt også ungdommens.

Jon Fosse si tekst i regi av Runar Gudnason og med ei ung dynamisk rollebesetning... me gleder oss, for dette borgar for sprengkraft!

LILLA

av Jon Fosse

Regi: Runar Gudnason

Scenograf: Mari Watn

Med: Hilde Marie Farstad, Eldar Skar, Bjørnar Lisether Teigen, Daniel Karlsson, Lars Melsæter Rydjord

 

Première på Teatret Vårt 28. august


Speletid: 1 time (utan pause)

 

I samband med framsyninga blir det oppretta ei interaktiv side for ungdom på www.teatretvart.no Her kan du laste opp bilder, tekstar, musikk og film. Her vil du og finne tekstkonkurranse for ungdom.

Nettaktivitetane er i samarbeid med Rockheim (i samband med utstillinga «I wish I was a real boy»), Bjørnsonfestivalen, Språkåret 2013, Ivar Aasentunet og UKM.

 

Aktivitetane på nett er relatert til læreplanar i ungdomskole og vidaregåande skole og kan brukast i undervisning.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: