Linda Eide & Sjur Hjeltnes // Språkmoro

Linda Eide & Sjur Hjeltnes. Pressefoto. Kjelde: ID-huset.
Linda Eide & Sjur Hjeltnes. Pressefoto. Kjelde: ID-huset.
Laurdag, 4 november, 2017 klokka 20:00

Under parolen språk er sjov! Gyv Linda Eide laus på språklege fenomen, kuriositetar og historier. Ho hyllar og herjar med vår språklege kvardag, og byr inn til språkleg påfyll i ei hyggeleg og eksamensfri atmosfære! Pianist og komikar Sjur Hjeltnes sørgjer for musikalsk og verbal bækking av ypparste slag.

Velkommen til ein særdeles sjarmerande kveld på Ingebrigt Davik-huset!

Linda Eide, frå Voss, er forfattar, kåsør og journalist i NRK. Ho jobba lenge i radio, men har etter kvart vore programleiar for mellom anna programmet Norsk attraksjon som gjekk i perioden 2007 til 2012. Ho vart 
kåra til beste kvinnelege programleiar under Gullruten 2012. Ho var og programleiar for serien Smæsj i 2015, der ho utforska korleis ulike idrettar har oppstått.

Sjur Hjeltnes er klassisk pianist og seriøs komikar frå Voss. Heilt frå dei yttarste skjær til kongens slott har han kome med sine særeigne tankar frå pianokrakken. Han har studert ved Griegakademiet i Bergen og Ecole Normale de Musique de Paris.

Stad
Ingebrikt Davik huset
Bernt Hildrevegen 2
6270
Brattvåg
Kommune: