Litt av et par!

Nils Vogt og Sven Nordin. Foto: Riksteateret
Nils Vogt og Sven Nordin. Foto: Riksteateret
Fredag, 12 desember, 2014 klokka 19:00

Ein komedie av Neil Simon

Eit velopplagt komedieteam med Nils Vogt og Sven Nordin i spissen gler seg til å reise landet rundt med Riksteatret. Regien er ved Kim Haugen.

Felix (Nils Vogt) blir kasta ut av kona, og i fortviling oppsøker han den gode vennen Oscar (Sven Nordin) og ber om å få bu hos han. Oscar har stor leilegheit, mange vennar og likar å spele poker og hygge seg – medan Felix er pedant og hypokonder, har støv på hjernen og vil gjerne gjere om på alle rutinar hos Oscar. Velkomen til ein kveld i teatret med mykje latter og mange forviklingar!

Den prisløna komedien med originaltittel The Odd Couple er blitt spela på teater over heile verda, og er kjent – ikkje minst – gjennom filmen med Jack Lemmon og Walter Matthau i hovudrollane.

Speletid: 2 timar og 20 minutt (inkl. pause).

Opplev meir:
”Korleis få folk til å le?” Møt skodespelarane i foajeen før framsyninga.

Stad
Ørsta kulturhus
Holmegt 7
6151
Ørsta
Kommune: