Lovsongskveld

Herøy Gospelkor. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Herøy Gospelkor. Fotokjelde: Fosnavåg konserthus.
Laurdag, 10 september, 2016 klokka 19:00

Med Herøy Gospelkor, eit stort lovsongsband og kor på scena, inviterer arrangørane av bibelfestivalen i Herøy til ein musikkfylt familiefest

Bibelfestivalen i Herøy 7.-11.september er eit samarbeid mellom kyrkjene i Herøy, Herøy Folkebibliotek, Fosnavåg kino og konserthus med fleire, og heng saman med at Det norske Bibelselskap er 200 år. 

Gjennom song og tilbeding vil vi gi Gud takk og ære for hans godleik mot oss. Inspirert av Bibelen, vil vi kunne sjå korleis lovsongen alltid har vore i munn og hjarte hos Guds folk, i glede og trengsel, seier Erhard Hermansen som er initiativtakar til bibelfestivalen og talar for kvelden. Med på lovsongskvelden vert og Bernt Greger Olsen som er bibelmisjonsleiar i Det norske Bibelselskap og Vegard Voldsund er musikalsk leiar for kvelden.

Arrangementet er gratis og støtta av Olympic Kulturfond

Stad
Herøy kulturhus
Lisjebøvegen 10 A
6091
Fosnavåg
Kommune: