Lurivar og påskemysteriet

Lurivar i utstillinga. Marit Lid Bjerkvik. Foto: Ivar Aasen-tunet
Måndag, 25 mars, 2013
Tysdag, 26 mars, 2013
Onsdag, 27 mars, 2013

Måndag, tysdag og onsdag i påska inviterer Lurivar små og store born til Aasen-tunet for å vere med på å løyse eit stort mysterium som har kome i vegen for Lurivar sine late kattepåskedagar.  

Den utspekulerte og lure påskeharen har vore på besøk i tunet og lagt igjen ei mystisk melding til Lurivar. Der står det at påskeharen har gøymt påskeegg rundt om kring i Aasen-tunet og han vil at Lurivar skal finne desse egga. Inni egga ligg det noko han veit Lurivar likar svært godt.

Lurivar er rett nok ein katt med både godt utvikla syn og luktesans, men han treng hjelp til å finne egga og løyse mysteriet saman med ivrige born. Heldigvis har Lurivar gode hjelparar som kan vere med på å finne ut kven denne mykje omtala påskeharen eigentleg er. Kanskje finn dei svaret på kvifor haren har lagt igjen påskeegg til Lurivar?

I fjor var første gongen Aasen-tunet inviterte til påskeframsyningar med Lurivar. – I år gjentek vi suksessen med ei heilt ny og aktiviserande framsyning med både eggjakt og skodespel. Etter framsyninga vil borna få høve til å halde på med formgivingsaktivitetar, seier formidlar Marita Bett Jensen. I kafeen blir det også høve til å kjøpe Lurivars lure vaflar.

Maria Halseth frå Ørsta spelar Lurivar, og Silje Silden frå Måløy spelar Lurivar sin medhjelpar desse påskedagane.

Måndag 25., tysdag 26. og onsdag 27. mars kl. 13.00

Lurivar og påskemysteriet

Kr 50 / familie 150

Høver for born frå 4 år og oppover

 

For meir informasjon:

Formidlar Marita Bett Jensen, tlf. 70 04 75 81

Kommunikasjonsrådgivar Laila Walseth Lid, tlf. 70 04 75 82

Stad
Ivar Aasen-tunet
Kommune: