Lyden av Ulstein

Søndag, 9 juni, 2013 klokka 16:00

"Lyden av Ulstein" er eit musikkprosjekt knytt til arbeidsplassar i Ulstein. På dei tre store maritime bedriftene Ulstein, Kleven og Rolls-Royce jobbar meir enn 10% av befolkninga i Ulstein kommune.

Målsetjinga er å syne fram lydane vi trur kan identifisere lokalsamfunnet og den maritime industrien i Ulstein i 2013, for å lage ein spektakulær og annleis konsert for kommunen.

I dette prosjektet får elevar frå kulturskulen i Ulstein vere med på lydsamling og opptak på bedriftene under rettleiing av profesjonelle kunstnarar for å skape elektroaukustiske komposisjonar.

Når komposisjonen er ferdig vil den verte presentert og framført av kulturskuleelevar og profesjonelle musikarar på Sjøborg.

Stad
Sjøborg kulturhus
Sjøgata 10
6065
Ulsteinvik
Kommune: 
Tema: